NMF Blogg

Alle, nokon, einkvar og ingen

Dagens tema har du høyrt før, men ikkje frå meg. Det handlar ikkje om humor. Ikkje om EM Brass, Korpsfiksert eller 17. mai heller. Og i liten grad om korps. Eller kanskje det gjer det ? Om miljøet i enkelte korps kanskje?

Les merLes alle blogginnlegg

300.000 meir til kultur i Oppland

Fylkesutvalet i Oppland bestemte tysdag å løyve 300.000 meir til kulturaktivitetar i fylket. Samtidig vurderer dei auka framtidig støtte.

Bilde: Anita Finnebråten, generalsekretær NMF, Roger Johansen, fylkeskultursjef Oppland, Botolv Gjeldaker, dagleg leiar NMF Hed/Opp, Irene Tjørve, styreleiar NMF Hed/Opp

Fylkesordførar Lundby foreslo å løyve ekstramidlar til blant andre NMF. Fylkespolitikarane ber fylkesrådmannen vurdere tilsagn til søkjarar som har fått avslag, men som oppfyller kriteria. Midlane blir dekka av politisk handlingsrom, skriv fylkeskommunen på si nettside.

Fekk legge fram NMF sine argument

Norges Musikkorps Forbund var inviterte til møtet for å legge fram saka si. Både generalsekretær Anita Finnebråten, dagleg leiar i NMF Hedmark og Oppland, Botolv Gjeldaker og styrleiar i NMF Hedmark og Oppland Irene Tjørve var til stades. NMF er ein av mange organisasjonar som har fått avslag på tilskot frå fylkeskommunen.

 * Les også: Korpsbestemor reagerer

For lite pengar

- Vi har for lite pengar, men har muligheit til å kome med eit lite bidrag som ei mellomløysing til vi finn meir varige ordningar. Dette frigjer mykje frivilleg innsats og er eit godt bidrag. 300.000 kroner gir oss sjanse til å støtte nokon fleire enn dei som alt har fått pengar, sa fylkesordførar Gro Lundby (Ap) på møtet.

Ved sist tildeling søkte 600 om til saman 6 millionar i støtte. Fylkeskommunen delte ut 600.000 kroner til 51 av søkjarane.

Potten til kultur bør bli større

Samtidig pågår det eit arbeid for å få til ei ny søkberr ordning for kunst- og kulturfeltet. Den skal vedtakast i desember 2012.

- Vi er einige i at potten til kultur bør bli større i framtida, og det arbeider vi no med, sa fylkesordføraren.

Fleire medier følgde møtet i fylkesutvalet. Blant dei Gudbrandsdalen Dagningen

 * Les også: Korpsene raseres av politikerne

 * BLOGG OM KUTTA"Å spare seg til fant"

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering