NMF Blogg

Alle, nokon, einkvar og ingen

Dagens tema har du høyrt før, men ikkje frå meg. Det handlar ikkje om humor. Ikkje om EM Brass, Korpsfiksert eller 17. mai heller. Og i liten grad om korps. Eller kanskje det gjer det ? Om miljøet i enkelte korps kanskje?

Les merLes alle blogginnlegg

Frå 5 til 80 musikantar

Av: Olga Wergeland

Musikkorpset i Sørumsand har hatt ein eventyrleg vekst dei siste åra. Frå å vere berre fem musikantar er dei no over 80.

Vi har satsa tungt på trommegruppa. Dei stilte opp på Ungdommens Kulturmønstring, UKM og gjekk vidare til fylkesmønstringa. Det er heller sjeldan at korps er representert på UKM. Men det gjorde i alle fall Sørumsand, og dei kom vidare.

Sjå og høyr dei på You Tube. Den viser eit av nummera trommegruppa spelte på UKM og som skal spelast igjen i fylkesmønstringa.

Kult å spele i korps

- Utrolig artig, sier korpsleder Mona Mangen. Ho og nestleiar og lærar Karin Langvatn-Elstad har stått saman om å få borna til å bli begeistra. I Sørumsand er det rett og slett blitt kult å spele i korps.

Leik med musikk

Noko av forklaringa med suksessen er musikkgruppa “Leik med musikk”. Alle 2.klassingar på Sørumsand skule får vere med å spele på rytmeinstrument, synge og bli glad i musikk.

- Det skjer på dagtid i SFO-tida. Dermed får alle vere med og terskelen for å vere med vidare i korpset er langt lågare enn utan dette tilbodet, seier Karin Langvatn-Elstad.

Alle involvert

I musikkorpset er borna aspirantar frå 3.klasse, men i Sørumsand har dei laga ein vri. Når korpset opptrer, er alle med – også 2.klassingane. I ein god miks er alle samla om konserten. 2.klassingane er gjerne med og syng sangane som korpset spelar, seier Karin.

Vekstproblem

Trass i god oppslutnad og glede over at korpset auka medlemsmassen, merkar dei to eldsjelene at det tærer på kreftene. Alt til våren står 30 nye 2.klassingar klare til å bli aspirantar.

- Då trengst det både fleire instrument, meir inntekter og nok instruktørar. Ja, rett og slett fleire vaksne, seier Langvatn-Elstad. Ho ser ein fare i å bli utbrent.

Nysgjerringe på opplegget

Andre skulekorps i området har vist interesse. Ein dag vekk Langvatn-Elstad telefon frå Røyken skulemusikk med spørsmål om “oppskrifta”. No har også dei starta med “Leik med musikk” i skulen.

Sosialt korps

Om det er trommegruppa på 13-15 ungdomar som er spesiell eller musikkleik i tidleg alder, er vanskeleg å svare på.

- Det er nok ein kombinasjon, seier Karin. Ho vurderer om alle bør stille opp på fylkesmønstringa for å heie dei fram på UKM.

- I vårt korps er det ikkje snakk om å bli verdensmeister men å ha det artig og sosialt i lag.

Og rekrutteringa til trommegruppa er god.

- Der er det allereie venteliste, avsluttar Langvatn-Elstad.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering