![]() |
Gleder og skuffelsar

No er NM skulekorps over for i år. Nokre er fornøgde med resultatet medan andre er skuffa. Ja, det er ein klisjé, men det viktigaste er at du er nøgd med din og korpset si speling.
Musikantane i Førre Musikkorps var storfornøgde etter opptreden av Penlee. Latteren satt laust, og støynivået var høgt hos fotografen som ikkje fekk den oppmerksamheita han ville ha. Dei tidlegare Førremusikantane som hadde teke turen til Stavanger for å høyre korpset kom springande og var veldig nøgde med korpset. Dei sa dei aldri hadde høyrt Førre spele så bra før. Dei obligatoriske smilebileta blei teken, og korpset insisterte på å ta eit tullebilete. Tullebileta blir hengde opp i øvingslokala på Førre skule.
Det var inga tvil om at musikantane i dei store, raude genserane var stolte av spelinga si. Foreldra var nøgde og fortalte ungdommane om frysningane dei fekk sjølv om dei hadde høyrt stykket fleire gongar tidlegare. Gleda var stor og musikantane var veldig nysgjerrige på resultatet. Etter musikantane hadde høyrt dei andre korpsa tok bussen korpset til Madla for å eta pizza. Ledarane klarte ikkje å halde musikantane rolege. Praten satt veldig laust og miljøet var betre enn nokon gong.
I Forum likte både dei eldste og yngste musikantane festkonserten godt. Manger Musikklag klarte å dempe nervane ei stund før resultata i 3. divisjon vart lesne opp. Betre blei det ikkje då det var 2. divisjon sin tur. Då 1. divisjon skulle opp på scena såg vi våre eigne musikantar trippe fram, hand i hand. Musikantane i Førre stod nesten av nervøsitet då det var tid for 1. divisjon.
Det blei ein 8. plass med 89 poeng for Førre Musikkorps. Ikkje heilt kva vi såg for oss. Stemninga var dempa og det var tydeleg at musikantane var skuffa. Det var heilt til vi kom i bussen og skulle reise heim til Tysvær. Då strålte musikantane opp igjen og det var allsong bak i bussen. Kvifor la eit skuffande resultat leggja ein dempar på stemninga når korpset var så nøgde med spelinga? Nei, eit dårleg resultat har ikkje mykje å seie. Musikantane gler seg til ein ny korpssesong med tur til Manchester, konkurransar og konsertar.
Konkurransar gjev både glede og skuffelsar, men det bringer musikantane saman. Korpset vinn og taper i lag. Dei yngste musikantane sprudlar når dei får oppløftande ord av dei eldste før dei skal på scena. Konkurransar, bussturar, nervar, gleder og skuffelsar gjer godt for miljøet i korpset.
Hege Øvrebø











