![]() |
Lyden av EM

I dag får øyrene mine køyrd seg. Eg er i Rotterdam, og her er det EM for brassband.
Øyrene mine står på stilk i dag. Heilt sidan klokka fem i dag tidleg har dei lytta intenst etter lydar. Dei leita etter lyden av vekkerklokka. Har ho ringt alt? Verkar ho? Har eg forsove meg? Neida. Den brutale vekkerklokka klang, eg kom meg på flytoget, og eg kom meg på flyet til Amsterdam. Heile vegen lyttande. Til togvertar og flyvertar med informasjon, til kollegaer med spørsmål, historiar og forventningar. Og til stemma i mitt eige hovud som ber meg fokusera på arbeidsoppgåvene som står føre meg på ein europameisterskap med to norske korps på deltakarlista. Ikkje berre norske korps. To korps frå mitt heimdistrikt. Eg har vakse opp med Manger Musikklag og Eikanger Bjørsvik Musikklag. Og brått er me alle i Rotterdam.
Der skiftar øyrene mine gir så snart eg får litt mat i magen, eit kamera om halsen, eit tastatur innan rekkevidde og sjølvsagt – korps å høyra på. Augo har zoomlinsa på, og øyrene er stilt inn på maksimal styrke. Eikanger Bjørsvik spelar først, Manger rett i hælane på dei. Ein heil sal går frå intens summing til intens stille på få sekund. Og me lyttar. Hjelpes, kor eg lyttar, sjølv om det for all del ikkje er eg som skal dømma. Det skal me alle vera glade for, at eg ikkje skal dømma. Ikkje er eg musikkutdanna. Dessutan går eg rundt her i grøn bukse – Manger Musikklag sin farge. Snakk om å framstå partisk. Men for at eg som NMF-tilsett (og nordhordlending og stril) skal ha mitt på det reine: Den grøne fargen er også profilfargen til EM2013 i Oslo, som me sjølvsagt nyttar høvet til å promotera for det det er verdt her i Rotterdam. Heldigvis skal eg altså ikkje dømma, men likevel lyttar eg så øyrene nesten dett av.
Øyrene mine lyttar altså intenst til musikken. I kveld er lyden i salen i De Doelen sjølvsagt einstydande med pliktnummeret i årets EM. Dei elleve beste brassbanda i Europa spelar Alexander Comitas sitt stykke Vita Aeterna Variations etter tur. Litt likt Ringenes herre, litt likt Connotations, og var ikkje det nesten ein strofe frå ein britisk drama-vignett? Lyttar ein intenst i den store salen, kan ein også høyra spenninga hjå publikum. Eg høyrer skosålar i gummi gni mot golvet, klikkinga frå spegelen inni kamera når det vert opna og stengd for lys. Eg høyrer kvalte host, og så snart lydnivået på scena stig, får me høyra hoste i stereo. Det slår ikkje feil. På kvar fortissimo er det fem-seks hostarar godt spreidd i salen som må hosta. Ein mute klirrar litt. Stolen knirkar. Dirigenten trampar, prustar, freser. Alt høyrer ein når øyra står på vidt gap.
Lat oss ikkje gløyma musikken. I dag har eg høyrd store prestasjonar frå scena. Solistinnslag frå ei anna verd. Ensemblespel frå amatørar som tilseier at dei ikkje gjer anna enn å spela saman. Eg har høyrd speling med mykje vibb og lite vibb. Nervøse tonar, sterke og svake tonar, nølande, bastante og rørande tonar. Tonar som gjev frysningar på rygg og armar. Eg lyttar til musikantane, og musikantane lyttar til kvarandre og til dirigenten sitt blikk. Dei høyrer ei ubeskriveleg stemning og ein euforisk applaus. Dei høyrer heime i toppen, desse musikantane frå Vestlandet.
I dag lyttar me alle her i Rotterdam. Ikkje for å rangera, men fordi det er lyden som tel i dag. Lyden av bandet, lyden av solistane, og seinare, lyden av glas som klirrar i ein skål for innsatsen. Takk for opplevinga så langt – og lukke til i morgon.
Med øyrene i behald,
Linda E. Eide
Kommunikasjonsrådgjevar i NMF











