![]() |
Manger i Shanghai: Barnas Dag
Skulemusikken gav ein liten konsert med to nummer, men fekk også gleda av å avslutta heile greia med å marsjera ute på idrettsplassen - til stor jubel frå heile skulen!
Manger skulemusikklag er i Kina der de blant annet deltar på verdensutstillingen "EXPO 2010". Følg korpsets opplevelser i
vår gjesteblogg.
Måndag 1. juni:
Måndag var vi på ein skule, der vi skulle driva litt kulturutveksling. Vi visste vel lite kva vi gjekk til, men kom oss omsider
avgarde i to bussar. Vi trudde vi skulle ut av byen, men slik var det ikkje. Etter knapt ein halvtime i bygatene, stoppa vi
inne i noko som såg ut som eit bustadområde. Vi pakka oss ut av bussane, og gjekk mot noko som viste seg å vera ein ganske
så stor og flott skule etter kinesisk målestokk.
Vi fekk oppleva kinesiske skuleborn som underheld oss i eit fargerikt og spennande program som var laga til barnas dag, som
er 1. juni. Her var alt frå konsert med folkeinstrument - som nok var vanskelege å spela på - til maling og dans. Det aller
meste var på kinesisk, så det var ikkje like lett å følgja med på alt, men spennande var det uansett.
Skulemusikken gav ein liten konsert med to nummer, men fekk også gleda av å avslutta heile greia med å marsjera ute på idrettsplassen
- til stor jubel frå heile skulen!
Så bar det attende til hotellet, og etter kvart nok ein kinesisk middag med mange rettar.
Les også:
Manger i Shanghai: Avreise
Manger i Shanghai: Kronprinsen
Manger i Shanghai: Parade
Manger i Shanghai: Fridag











