NMF Blogg

Alle, nokon, einkvar og ingen

Dagens tema har du høyrt før, men ikkje frå meg. Det handlar ikkje om humor. Ikkje om EM Brass, Korpsfiksert eller 17. mai heller. Og i liten grad om korps. Eller kanskje det gjer det ? Om miljøet i enkelte korps kanskje?

Les merLes alle blogginnlegg

Manger i Shanghai: Kronprinsen

I lett regn spelte vi Gammel Jegermarsj for Kronprinsen. Så bar det vidare til den offisielle opninga, med mange prominente gjestar.

Manger skulemusikklag er i Kina der de blant annet deltar på verdensutstillingen "EXPO 2010". Følg korpsets opplevelser i vår gjesteblogg.

Fredag 28. mai:

Denne dagen skulle vi spela for Kronprinsen, og vi måtte koma oss inn på Expo-området før kl sju. Sikkerhetssjekken var omtrent på same nivå som på Flesland, berre at det var mykje meir folk. Lenge før vi reiste hadde Vibecke fylt ut uhorveleg mengder skjema som skulle gi oss akkreditering på Expo. Og no fekk vi att for arbeidet, fordi med Expo-pass vart vi geleida utanom dei flesta køar, og kom oss gjennom i full fart.

Vi vart geleida til den norske paviljongen, og gjorde oss klare. I lett regn spelte vi Gammel Jegermarsj for kronprinsen. Så bar det vidare til den offisielle opninga, med mange prominente gjestar. Vi måtte øva nokre gonger saman med kinesiske soldatar som skulle heisa flagget - det var ikkje heilt lett å få flagget til topps samstundes med siste tone i "Ja, vi elsker". Men på den offisielle flaggheisinga gjekk det bra - og dette vart eit høgdepunkt tidleg i turen.

Resten av dagen gjekk vi rundt på det enorme Expo-området. Her var paviljongar frå ca 180 land, med utruleg mange ulike utformingar og innhald. Og så mykje folk som det var overalt! Vi veit ikkje kor mange som var inne, men det var visst 350.000 menneske på det meste denne dagen. Og alle desse hadde vore gjennom sikkerhetskontrollen... Vi fekk på nytt erfara at Expo-passet var godt å ha, fordi vi vart handsama som VIP-personar, og gjekk utanom køar på dei fleste pavlijongane.

Om kvelden var vi på norsk kulturkveld i Expo-senteret. Dette var ein kjempestor hall, tydeleg tilpassa store kongressar, men som konsertlokale var det kanskje ikke heilt perfekt. Kronprinsen var heidersgjest på konserten. Her fekk vi høyra norsk og japansk musikk framført av Trondheim symfoniorkester, Trondheimssolistene og fiolinist Eldbjørg Hemsing. Etter ein nødvendig pause, fekk vi sjå og høyra mellom anna Sissel Kyrkjebø og oppleva ei flott framføring av Frikar i samarbeid med kinesiske akrobatar. Secret Garden avslutta heile gildet med velbrukte "You raise me up". Så var det å ta seg attende til hotellet, musikantane i buss, medan resten måtte ta Taxi. Det er mange taxiar i Shangahi, så det var ikkje noko problem. Verre var det med trafikken... Men alle kom heilskinna tilbake, og tørna ganske så stuptrøtte i seng.

Les også:
Avreise

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering