Skoplagg for dirigentar

Skoplagg for dirigentar er eit stort tema. Veldig stort.

Tenk for kva variasjonar som finst av skoplagg. Multipliser dette med to så får du, ikkje berre dobbelt so mykje, men eit hav av variasjonar. Du har da kvinnelege dirigentar – og jålebøtter.

Sesongvariasjonane
Kan da ikkje stå å dirigera i vintersko! Eller sjøstøvlar for den del. Berrføtt går heller ikkje. Til nød på sokkelesten. Difor, på uværsdagar so må dirigenten altså ha to par sko. Tøffler duger greitt om vinteren. Om sommaren er badesko eller sandalar greitt, som regel, men då snakkar me berre øving og korpsturar til utlandet.
So må han/ho ha vårsko, sommarsko og haustsko. Eit par til øving og minst eit av kvar farge til kvart plagg; enten ein dirigerer i grått, svart eller ein fremjar det fargerike felleskapet.

Skoplagget må passe til resten av klesbunaden

I allefall på konsert. I skohylla treng ein brune, svarte og lyse. Aurlandsko med mynt i «blåka». Det er kult det. Rosa stilettsko passar best til åletrang kjole. (Eg har ikkje prøvd, men innbiller meg det).

Sålen betyr enormt

Mjuke til konsert og harde til øving. På øving treng ein helst tresko slik at ein tydeleg får rette takten og pulsen utan stadig å slå av for å gi dei taktelause ei skikkeleg overhøvling.

Lokalet og skoval

Når ein skal velja seg rette dirigentsko so må ein ta omsyn til lokalet ein skal dirigere i. Er golvet hardt? Av tre eller betong? Kva viss det er teppe på golvet? Da må ein kanskje velje sko som fargemessig står i kontrast til fargen på teppet, for dermed å fange merksemda til dei som heile tid spelar i golvet og ikkje ser på dirigenten uansett kor mange hundrelappar han/ho brukar på sko.

Alle må pussast, stellast, luftast og helst ikkje knirke

Knirkande dirgentsko kan fort skjemme dei varmaste pianissoparti. Upussa sko vil ta merksemda vekk frå musikken. Og sko som ikkje har vore lufta, er lite motiverande. Sko som knirka og kvin er ikkje betalte i sin heilheit (stolne), seier dei her i bygda. Og då er me inne på...

...pris og økonomi

Dirigentar er ei underbetalt og lite aktsett yrkesgruppe. Sko kostar masse pengar – sjølv på salg. Finns det ein sponsor som er villig til å stille opp. Gucchi er det vist ein som heiter. Men noko må ein sko seg på.

Er det nokon som har sett steg-teljar på ein dirigent i arbeid?

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering