NMF Blogg

Alle, nokon, einkvar og ingen

Dagens tema har du høyrt før, men ikkje frå meg. Det handlar ikkje om humor. Ikkje om EM Brass, Korpsfiksert eller 17. mai heller. Og i liten grad om korps. Eller kanskje det gjer det ? Om miljøet i enkelte korps kanskje?

Les merLes alle blogginnlegg

Solist og ensemble - påmeldingsfrist 25. august

Det er tid for påmelding til NM for solistar og ensemble 2012. Fristen for påmelding til kvalifisering er 25. august. Det er finale på Norges Musikkhøgskole 10. november 2012.

Bilde: Fjorårets deltakarar frå Nordland med musikkonsulent Anne Guri Frøystein til høgre

Norges Musikkorps Forbund inviterer til NM for solistar og ensemble 2012. Kvalifiseringa skjer ved å sende inn opptak og deltaking i regionale solist- og ensemblekonkurransar. Fristen er laurdag 25. august!

Alle kan delta i kvalifiseringa og det er plass til ca. 60 solistar/ensemble i finalen. Konkurransen er for blåsarar og slagverkarar og delt inn i to kategoriar, solistar og ensemble (3-10 musikarar). 

Nytt i år er at vinnarane i dei regionale meisterskapa går rett til finalen. Dei er plukka ut og har alt fått melding om dette.

Her finn du meir detaljert informasjon og påmeldingsskjema.

For meir informasjon ta kontakt med prosjektleiar Berit Handegard på NMF-kontoret.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering