![]() |
Torshov spelte for Wenche Foss

Musikkorpset Torshov spelte måndag i Wenche Foss si gravferd. Ho har betydd mykje for musikantane. Foss redda øvingslokala til korpset og no fekk dei ta avskjed.
Det var Wence Foss sjølv som bad om at korpset skulle spele i gravferda hennar. Foss hadde nemleg eit heilt spesielt forhold til Torshov-gjengen.
I 2003 viste nemlig den elskverdige skodespelaren korleis ho brydde seg om medmenneska sine. Då blei øvingslokala til dei 75 musikantane i Torshovkorpset, eit spesialkorps for born og unge med samansette lærevanskar eller ein annan utviklingshemming, redda av nettopp Wenche Foss.
-Vi er alle takknemlege og glade, sa Foss til Dagbladet etter at det blei klart at staten likevel ikkje selde øvingslokala til Torshovkorpset.
-Det var veldig koseleg å møte henne, ho har betydd mykje for oss, fortell drillpike Mona-Lisa Munoz (25) til Dagbladet.
Korpsleiar Marit Stokkenes fortel at korpsdeltakarane vart svært lei seg då dei fekk høyre at ho var gått bort. -Mange gråt da dei høyrde det, seier ho.
Skravla går, og det er hektisk aktivitet i aulaen medan dei riggar opp instrumenta.
-Å få spele var ei viktig avskjed. Dei kjende henne som ein ven, seier Stokkenes.
I tillegg til Arve Tellefsen som spelte i gravferda, vart minnesamveret avslutta med musikk frå trompetist Tine Thing Helseth og pianist Atle Halstensen.
- No skal vi heim og berre vere oss i kveld, sa Fabian Stang.











