NMF Blogg

Alle, nokon, einkvar og ingen

Dagens tema har du høyrt før, men ikkje frå meg. Det handlar ikkje om humor. Ikkje om EM Brass, Korpsfiksert eller 17. mai heller. Og i liten grad om korps. Eller kanskje det gjer det ? Om miljøet i enkelte korps kanskje?

Les merLes alle blogginnlegg

35-års unikt musikalsk vennskap

Det starta med eit vennskapsmøte mellom to korps i 1977, eit frå Norge og eit frå Tyskland. Haukås Musikklag har halde på kontakten med tyske Musikverain Eintracht Obergrombach i 35 år. No er dei i Bergen på eit av dei mange besøka sine.

Foto: Her blir dei tyske gjestane fordelte

- Dette er eit unikt vennskap som har vart over lang tid, seier Ole Johan Aarlie, ein av dei som var med i korpset fyrste gong dei møttest. Han er ikkje lenger med og spelar i korps, men er engasjert i vennskapsbandet og har opna heimen sin for fire av dei tyske besøkande. 60 tyske musikantar er innlosjert privat hos musikantar og engasjerte i Haukås Musikklag i Bergen.

Ikkje språkvanskar

Bandet til det tyske korpset er blitt sterkare og sterkare etter som åra har gått.

- Ikkje alle snakkar tysk av våre, og ikkje alle dei tyske snakkar engelsk. Men det går fint, seier Aarlie. Dei eldste tyske snakkar faktisk litt norsk, åtte av dei var med fyrste gongen i -77, fortel han.

Felleskonsert

Musikken har dei felles. Men aldri før har dei spelt konsert saman. No skal dei halde konsert både i Åsatun i Åsane og framføring i musikkpaviljongen i Bergen sentrum (Berre det tyske korpset). Konserten er oppført som ein del av det offisielle programmet til Festspillene i Bergen. Allereie fyrste dag dei er på besøk skal dei øve saman i Haukås Musikkhus.

Øver i partytelt

- For å få plass til alle har vi sett opp to store partytelt utanfor øvingslokalet, på parkeringsplassen. Heldigvis er det fint ver, sjølv om det er litt kaldt, seier Aarlie.

Fellesøving i Haukås Musikkhus. Her ser det ut til at dei har trekt innomhus.

Felles dirigent

Dirigent for begge korpsa er Helge Haukås. Han har vore i Tyskland eit par gongar, og no skal han få dei til å spele saman som eit stort og flott vennskapskorps med rundt 70-80 musikantar.

- Utfordringa har vore å finne eigna musikk til desse to korpsa, musikk for både brass og janitsjar, seier Haukås. Han har valt ut den store Triumfmarsjen frå Aida. Han har øvd med begge korpsa, og meiner dei held eit brukbart 2. divisjonsnivå.

- Det blir veldig kjekt å ha dei 70-80 musikantan saman. Sjølvsagt er det litt ubalanse mellom janitsjar og brass, men det kan vi ikkje tenke så mykje på. Dette blir kjekt og ein milepel i korpsa si lange vennskapshistorie, seier Hakås.

Spelar med skulekorpset

I morgon reiser heile gjengen til Byrknesøy i Gulen i Sogn og Fjordane for å vere på havet og fiske. Dei skal på omvisning på lakseslakteriet og få seg middag. Til gjengjeld spelar dei konsert saman med Byrkens Skulemusikk.

Mottaking med ordførar

Fredag er det byvandring, besøk på Festningen, Fløyen, og sjølvsagt Musikkpaviljongen i samband med utespelinga. Etterpå er det offisiell mottaking med ordførar Trude Drevland på Schøtstuene.

- Det er særleg kjekt at kommunen er med på dette, seier leiar i korpset Eli Myrmel Haukås.

Ho fortel om mange detaljar som må vere på plass for å ta imot så pass mange.

- Planlegginga starta for omlag eit år sidan då dei sa ja til invitasjonen frå oss. I periodar er det mykje arbeid, men alle er med og støttar og då er det berre kjekt, seier ho.

Måndag returnerer dei til Tyskland etter ein vårtur til Bergen og musikkvenene i Haukås Musikklag.

Del på Facebook
Del på Twitter
Tips en venn
Skriv ut artikkelen

Tips en venn

Rapporter upassende innhold

Følg oss

Laster...
Laster...

    Mest leste saker

Idium Portalserveridium webpublisering